Gamalt nytt
27.09.2020
Busstreik!!

Det er no streik i busstrafikken som påverkar bussrutene i Masfjorden kommune, og dette inkluderer og skuleskyss.

Frå og med i morgon, måndag 28. september, er det ikkje tilbod om skuleskyss til og frå Sandnes skule. Skulen har ikkje høve til å organisere alternativ skyss til skulen, men de foreldre har sjølvsagt moglegheit til å samordne skyss og hjelpe kvarandre med det dersom de kan i høve til generelt smittevern.

Undervisninga ved Sandnes skule går som normalt. Dei elevane som ikkje kjem seg på skulen må melde frå til kontaktlæraren sin om det. Skulen vil legge til rette for skulearbeid heime for dei som er ikkje kjem seg til skulen. Dersom nokre elevar må halde seg heime, vil skulen kunne syte for at pc og anna naudsynt skulemateriell kjem heim. Det vert sjølvsagt ikkje ført fråvere dersom årsaka er busstreiken.

Me beklagar at det vert slik, og håper situasjonen ikkje varer for lenge.

Dersom de har spørsmål kring organisering av undervisning heime, ta kontakt med kontaktlærar. Har de spørsmål knytt til streiken, ta kontakt med underteikna.

Med helsing
Dorte Rømsing
Rektor Sandnes skule

02.09.2020
Feiande flott fjelltur og fint fellesskap   
Alle på Sandnes skule tok turen til fjells fredag 28.august. Veret var upåklageleg og stemninga likeså. For ein sprek og blid gjeng!    Les mer...



01.09.2020
Strandtur for småtrinnet   
Kva gjer Sandnes skule med vann-treninga under korona-tida?   Les mer...



21.08.2020
Besøk på Fargeriet    
Mellomsteget tok turen til Fargeriet for å sjå på utstillinga "Syn" og møta kunstnaren Marta Nerhus.    Les mer...



16.08.2020
ME ØNSKJER DYKK VELKOMMEN TIL EIT NYTT SKULEÅR   
Me gler oss til å ta i mot elevane på måndag 17. august, kl. 08.10 i gymsalen.
Koronatiltak gjer at me berre er ei svært kort stund i gymsalen, for å ta godt i mot våre nye elevar i 1. klasse.
Det skal vere stas å begynne på skulen!
   Les mer...



16.05.2020
Julestemning i mai   
2.klasse har øvd på "Idas sommarvise", men endte opp med å synge "Det snør, det snør, tidilibom"   Les mer...



09.05.2020
Velkomne tilbake!   
Første skuledag vert tysdag 12. mai og skuletida er 08.10-13.45 alle dagar   Les mer...



05.05.2020
Regnbogedagar   
Endeleg er vi saman på skulen igjen   Les mer...



24.04.2020
Til elevar og føresette i 1.-4. klasse   
Sandnes skule ønskjer dykk velkommen tilbake til skulen/SFO på måndag 27. april. Me gler oss til å sjå dykk att! :-)   Les mer...



23.04.2020
Design og redesign   
Kunst og handverk-oppgåve i desse korona-tider   Les mer...



16.04.2020
Sandnes skule opnar delvis 27. april.   
Frå måndag 27. april vil me vere klare til å ta i mot elevane i 1.-4. klasse, og SFO vil vere open.   Les mer...



27.03.2020
Skulen er stengt til og med måndag 13. april   
Me veit og at det ikkje vert eksamen for 10. klassane i grunnskulen, verken skriftleg eller munnleg. Det har regjeringa og Utdanningsdirektoratet informert om.   Les mer...



19.03.2020
Slepp å betale for SFO mens skulen er stengt   
Fleire har lurt på om ein må betale for SFO mens skulen er stengt.   Les mer...



16.03.2020
Ver kjeldekritisk!    
Det er viktig å vere kritisk når ein les om korona-viruset, og her finn du alt du treng å vite om korona-viruset.   Les mer...



13.03.2020
Sandnes skule vert stengt   
På grunn av spreiing av koronaviruset har skulane fått melding frå Masfjorden kommune om at me skal stenge skulen frå i dag 12. mars klokka 18.00 til og med torsdag 26. mars.   Les mer...



12.03.2020
Olè-olè, samba'n er løs!!   
Skulen rakk akkurat å gjennomføre karneval før me måtte stenge   Les mer...



09.03.2020
Skidag for elevane   
Før helga var ungdomsskuleelevane på Gamlesetra i Romarheimsdalen på skitrening og skileik.   Les mer...



27.02.2020
"Nyoppussa " klasserom   
Det var svært få barn på SFO i vinterferien. Det gav oss som var på jobb ei moglegheit til å gjere noko me elles ikkje har tid til. Extreme makeover - klasseromsutgåve.   Les mer...



20.02.2020
Salum Kashafali på besøk på Sandnes skule   
Det verste som kan skje er å vere funksjonsfrisk, men ikkje ha draumar. Torsdag var verdas raskaste mann på besøk på Sandnes skule for å fortelje historia si, og komme med gode råd til elevane.   Les mer...



31.01.2020
Tilsette på kurs    
Skulen hadde planleggingsdag 31. januar, og heile skulen var på samling på Knappskog skule på Sotra for å lære meir om digitale klasserom.   Les mer...



11.12.2019
Juleverkstad    
Tradisjon tru vart det også i år avvikla juleverkstad på Sandnes skule som ein av førjulsaktivitetane.    Les mer...



09.11.2019
3. og 4. klasse på LEGO-eventyr i Bergen   
3. og 4.-klassingane på skulen har i fleire veker jobba med eit prosjekt. Ikkje eit kva som helst prosjekt. Dei har nemleg forbetra nærmiljøet sitt ved hjelp av innovasjon og teknologi. Modellane er bygde i LEGO. 9. november bar det til Bergen og presenta   Les mer...



18.10.2019
Givarglede på Sandnes skule i samband med TV-aksjonen 2019   
Elevrådet på Sandnes skule skipa til fredagskafe i samband med tv-aksjonen 2019 "No er det hennar tur". Det vart samla inn 4997 kroner. Berre Masfjorden kommune gav meir med sine 10 000 kroner.   Les mer...



26.09.2019
Sandnes skule for til fjells    
1.-10.kl og tilsette tok turen til fjells denne flotte haustdagen.    Les mer...



20.08.2019
Sandnes skule med eiga heimeside!   
På dei nye sidene vil du finne all den informasjonen du ynskjer deg, i alle fall også kontaktinformasjon om du no ikkje finn nett det   Les mer...