Gamalt nytt
09.03.2020
Skidag for elevane

Før helga var ungdomsskuleelevane på Gamlesetra i Romarheimsdalen på skitrening og skileik.

Me har venta på snø og lageleg ver sidan desember, og endeleg kom det nokre dagar med litt snø og delvis opplett vêr. Me organiserte oss i privatbilar og køyrde ved skulestart. På Gamlesetra delte elevane seg i to grupper, der den eine øvde på skøyteteknikk, og den andre øvde på klassisk langrenn. Elevane bytte teknikk etter om lag ein time. Me tente bål i bålpanna, og alle såg ut til å kose seg med oppvarma mat dei tok med seg sjølv. Etter bål, mat og prat fekk elevane velje kva aktivitet dei ville drive med, så lengje dei gjorde denne aktiviteten med ski. Nokre laga seg hopp og hoppa, medan andre gjekk kortare eller lengre tur rundt lysløypa.

Både elevane og dei vaksne hadde ein veldig kjekk dag, fordi me fekk gå på ski, alle såg ut til å trivast og var blide, det var god stemning overalt, og det var framgang, mestring og glede med å gå på ski. Dette er noko me vil gjere meir av.

19.05.2021
Kan Pepsi og Mentos brukast i skulefag?   
Det er alltid gøy med forsøk i naturfag   Les mer...



07.05.2021
Endeleg vår   
Denne vinteren har vore lang og kald, men no er våren her!    Les mer...



24.04.2021
Naturfag er gøy!   
Naturfag kan opplevast som tunge likningar, eller fasinerande utprøving   Les mer...



01.04.2021
HA HA, APRILSPØK!!   
Er du her idag, på 1.april, så skyldes det kanskje en aprilspøk   Les mer...



16.03.2021
Lærarane må og lære   
No for tida heldt alle på å lære seg enkel programmering av robotar   Les mer...



09.03.2021
Sjøkanten i januar - eit tilbakeblikk   
Januar kom med kulde og nokre få snøbyger   Les mer...



19.02.2021
Skidag 2021   
5.-10.klasse har hatt skidag på Gamlesetra   Les mer...



16.02.2021
Naturfag på småtrinnet   
Brannforebygging er viktig kunnskap   Les mer...



05.10.2020
HAUSTFERIE!   
Det er godt med ein pust i bakken no.   Les mer...



27.09.2020
Busstreik!!   
Det er no streik i busstrafikken som påverkar bussrutene i Masfjorden kommune, og dette inkluderer og skuleskyss.   Les mer...



02.09.2020
Feiande flott fjelltur og fint fellesskap   
Alle på Sandnes skule tok turen til fjells fredag 28.august. Veret var upåklageleg og stemninga likeså. For ein sprek og blid gjeng!    Les mer...



01.09.2020
Strandtur for småtrinnet   
Kva gjer Sandnes skule med vann-treninga under korona-tida?   Les mer...



21.08.2020
Besøk på Fargeriet    
Mellomsteget tok turen til Fargeriet for å sjå på utstillinga "Syn" og møta kunstnaren Marta Nerhus.    Les mer...



16.08.2020
ME ØNSKJER DYKK VELKOMMEN TIL EIT NYTT SKULEÅR   
Me gler oss til å ta i mot elevane på måndag 17. august, kl. 08.10 i gymsalen.
Koronatiltak gjer at me berre er ei svært kort stund i gymsalen, for å ta godt i mot våre nye elevar i 1. klasse.
Det skal vere stas å begynne på skulen!
   Les mer...



16.05.2020
Julestemning i mai   
2.klasse har øvd på "Idas sommarvise", men endte opp med å synge "Det snør, det snør, tidilibom"   Les mer...



09.05.2020
Velkomne tilbake!   
Første skuledag vert tysdag 12. mai og skuletida er 08.10-13.45 alle dagar   Les mer...



05.05.2020
Regnbogedagar   
Endeleg er vi saman på skulen igjen   Les mer...



24.04.2020
Til elevar og føresette i 1.-4. klasse   
Sandnes skule ønskjer dykk velkommen tilbake til skulen/SFO på måndag 27. april. Me gler oss til å sjå dykk att! :-)   Les mer...



23.04.2020
Design og redesign   
Kunst og handverk-oppgåve i desse korona-tider   Les mer...



16.04.2020
Sandnes skule opnar delvis 27. april.   
Frå måndag 27. april vil me vere klare til å ta i mot elevane i 1.-4. klasse, og SFO vil vere open.   Les mer...



27.03.2020
Skulen er stengt til og med måndag 13. april   
Me veit og at det ikkje vert eksamen for 10. klassane i grunnskulen, verken skriftleg eller munnleg. Det har regjeringa og Utdanningsdirektoratet informert om.   Les mer...



19.03.2020
Slepp å betale for SFO mens skulen er stengt   
Fleire har lurt på om ein må betale for SFO mens skulen er stengt.   Les mer...



16.03.2020
Ver kjeldekritisk!    
Det er viktig å vere kritisk når ein les om korona-viruset, og her finn du alt du treng å vite om korona-viruset.   Les mer...



13.03.2020
Sandnes skule vert stengt   
På grunn av spreiing av koronaviruset har skulane fått melding frå Masfjorden kommune om at me skal stenge skulen frå i dag 12. mars klokka 18.00 til og med torsdag 26. mars.   Les mer...



12.03.2020
Olè-olè, samba'n er løs!!   
Skulen rakk akkurat å gjennomføre karneval før me måtte stenge   Les mer...



27.02.2020
"Nyoppussa " klasserom   
Det var svært få barn på SFO i vinterferien. Det gav oss som var på jobb ei moglegheit til å gjere noko me elles ikkje har tid til. Extreme makeover - klasseromsutgåve.   Les mer...



20.02.2020
Salum Kashafali på besøk på Sandnes skule   
Det verste som kan skje er å vere funksjonsfrisk, men ikkje ha draumar. Torsdag var verdas raskaste mann på besøk på Sandnes skule for å fortelje historia si, og komme med gode råd til elevane.   Les mer...



31.01.2020
Tilsette på kurs    
Skulen hadde planleggingsdag 31. januar, og heile skulen var på samling på Knappskog skule på Sotra for å lære meir om digitale klasserom.   Les mer...



11.12.2019
Juleverkstad    
Tradisjon tru vart det også i år avvikla juleverkstad på Sandnes skule som ein av førjulsaktivitetane.    Les mer...



09.11.2019
3. og 4. klasse på LEGO-eventyr i Bergen   
3. og 4.-klassingane på skulen har i fleire veker jobba med eit prosjekt. Ikkje eit kva som helst prosjekt. Dei har nemleg forbetra nærmiljøet sitt ved hjelp av innovasjon og teknologi. Modellane er bygde i LEGO. 9. november bar det til Bergen og presenta   Les mer...



18.10.2019
Givarglede på Sandnes skule i samband med TV-aksjonen 2019   
Elevrådet på Sandnes skule skipa til fredagskafe i samband med tv-aksjonen 2019 "No er det hennar tur". Det vart samla inn 4997 kroner. Berre Masfjorden kommune gav meir med sine 10 000 kroner.   Les mer...



26.09.2019
Sandnes skule for til fjells    
1.-10.kl og tilsette tok turen til fjells denne flotte haustdagen.    Les mer...



20.08.2019
Sandnes skule med eiga heimeside!   
På dei nye sidene vil du finne all den informasjonen du ynskjer deg, i alle fall også kontaktinformasjon om du no ikkje finn nett det   Les mer...