Gamalt nytt |
|
Til elevar og føresette i 1.-4. klasse Sandnes skule ønskjer dykk velkommen tilbake til skulen/SFO på måndag 27. april. Me gler oss til å sjå dykk att! :-) Skuledagen vert ikkje heilt lik det den var før skulen vart stengd. Me har innført ei rekkje smitteverntiltak som skal bidra til å sikre at det er trygt å vere på skulen. Tiltaka finn de her, og me ber om at de les gjennom dei og snakkar så godt som de kan med barna dykkar om dei. For at skulen skal vere maksimalt sikker, ber me om at alle tiltaka vert respekterte. Elevane skal gjennom skuledagen anten vere i klasserommet sitt, eller dei skal vere ute. Me ønskjer at dei er mykje ute, og gjer kjekke skuleting der. Ein har få, faste lærarar inn mot klassane. Skuleskyssen går som vanleg, men me ber om at de snakkar med barna om at det berre skal sitje ein elev på eit dobbeltsete, og dersom bussen vert full, er det søsken som må dele sete. På måndag vil elevane møte låste dører. Dei skal bruka eigne inngangar når skuledagen startar. 1. og 2. klasse opphalde seg i uversskuret og ha/legge sekkane sine der. 3. og 4. klasse skal vera under halvtaket utanfor musikkrom og ha/legge sekkane sine under halvtaket bort til gymsalen. Kontaktlærar/lærar vil møte elevane der når det ringer inn. Husk å ta med skulebøker og pc til skulen på måndag! Ta med gode uteklede til barna, men hugs at kleda må bringast fram og tilbake kvar dag. Tilsynsordninga for barn over 4. klasse og opp til 12 år gjeld etter same reglar som før. Ta kontakt med kontaktlærar dersom du har behov for tilsyn for barnet ditt. Ta kontakt dersom de har spørsmål! Med helsing |
|
|