Gamalt nytt
27.03.2020
Skulen er stengt til og med måndag 13. april

Me veit og at det ikkje vert eksamen for 10. klassane i grunnskulen, verken skriftleg eller munnleg. Det har regjeringa og Utdanningsdirektoratet informert om.

Det me og veit er at skulekvardagen brått vart annleis for oss alle. No er det dykk foreldre som står med veldig mange oppgåver i kvardagen. I tillegg til å vere foreldre, vert det og dykkar jobb å oppmuntre til og til dels stå for den daglege opplæringa av barnet dykkar. Me veit det er vanskeleg for ein del elevar å gjere dette arbeidet sjølve, men når me ikkje kan vere saman i skulekvardagen, er denne oppgåva på mange måtar dytta over på dykk. Tusen takk for den innsatsen de bidrar med, alle som ein.
Mange lærarar sit jo i same suppa når dei må vere lærarar for eigne barn samstundes som dei skal planlegge opplegg med til dels nye verktøy og vere tilgjengelege for elevane sine behov. Så me sit i same båten og me må hjelpe kvarandre. Nokon vil ikkje mase for mykje på skulen, men det går ikkje an å mase for mykje på skulen. Mas i veg! Lærarane hjelper og kvarandre på tvers av klassar for å finne løysingar i det daglege.
Det er stusseleg å vere på skulen utan elevar. Me veit at mange elevar saknar klassekameratane sine, og nokon å vere med. Det er greitt med ein pause frå skulen, men når pausen vert så lang og på denne måten , er det eigentleg ikkje så greitt likevel. Me saknar og elevane. Ein skule utan trøytte morgonfjes, rop og latter i gangane, kviskring i krokane og springing på skuleplassen er verkeleg stusseleg.
I dagane før påskehelga vil me få ny informasjon om kva som skjer vidare. Informasjonen vil nå dykk like fort som den når skulen via media, men me sender sjølvsagt melding ut til dykk direkte på e-post om kva som skjer vidare.
Skulen er veldig viktig, ja, men endå viktigare er det at de tek vare på kvarandre i denne rare tida.
Ver tolmodige og følg smittevernråda. Me fiksar dette!
Helsing Dorte

19.05.2021
Kan Pepsi og Mentos brukast i skulefag?   
Det er alltid gøy med forsøk i naturfag   Les mer...



07.05.2021
Endeleg vår   
Denne vinteren har vore lang og kald, men no er våren her!    Les mer...



24.04.2021
Naturfag er gøy!   
Naturfag kan opplevast som tunge likningar, eller fasinerande utprøving   Les mer...



01.04.2021
HA HA, APRILSPØK!!   
Er du her idag, på 1.april, så skyldes det kanskje en aprilspøk   Les mer...



16.03.2021
Lærarane må og lære   
No for tida heldt alle på å lære seg enkel programmering av robotar   Les mer...



09.03.2021
Sjøkanten i januar - eit tilbakeblikk   
Januar kom med kulde og nokre få snøbyger   Les mer...



19.02.2021
Skidag 2021   
5.-10.klasse har hatt skidag på Gamlesetra   Les mer...



16.02.2021
Naturfag på småtrinnet   
Brannforebygging er viktig kunnskap   Les mer...



05.10.2020
HAUSTFERIE!   
Det er godt med ein pust i bakken no.   Les mer...



27.09.2020
Busstreik!!   
Det er no streik i busstrafikken som påverkar bussrutene i Masfjorden kommune, og dette inkluderer og skuleskyss.   Les mer...



02.09.2020
Feiande flott fjelltur og fint fellesskap   
Alle på Sandnes skule tok turen til fjells fredag 28.august. Veret var upåklageleg og stemninga likeså. For ein sprek og blid gjeng!    Les mer...



01.09.2020
Strandtur for småtrinnet   
Kva gjer Sandnes skule med vann-treninga under korona-tida?   Les mer...



21.08.2020
Besøk på Fargeriet    
Mellomsteget tok turen til Fargeriet for å sjå på utstillinga "Syn" og møta kunstnaren Marta Nerhus.    Les mer...



16.08.2020
ME ØNSKJER DYKK VELKOMMEN TIL EIT NYTT SKULEÅR   
Me gler oss til å ta i mot elevane på måndag 17. august, kl. 08.10 i gymsalen.
Koronatiltak gjer at me berre er ei svært kort stund i gymsalen, for å ta godt i mot våre nye elevar i 1. klasse.
Det skal vere stas å begynne på skulen!
   Les mer...



16.05.2020
Julestemning i mai   
2.klasse har øvd på "Idas sommarvise", men endte opp med å synge "Det snør, det snør, tidilibom"   Les mer...



09.05.2020
Velkomne tilbake!   
Første skuledag vert tysdag 12. mai og skuletida er 08.10-13.45 alle dagar   Les mer...



05.05.2020
Regnbogedagar   
Endeleg er vi saman på skulen igjen   Les mer...



24.04.2020
Til elevar og føresette i 1.-4. klasse   
Sandnes skule ønskjer dykk velkommen tilbake til skulen/SFO på måndag 27. april. Me gler oss til å sjå dykk att! :-)   Les mer...



23.04.2020
Design og redesign   
Kunst og handverk-oppgåve i desse korona-tider   Les mer...



16.04.2020
Sandnes skule opnar delvis 27. april.   
Frå måndag 27. april vil me vere klare til å ta i mot elevane i 1.-4. klasse, og SFO vil vere open.   Les mer...



19.03.2020
Slepp å betale for SFO mens skulen er stengt   
Fleire har lurt på om ein må betale for SFO mens skulen er stengt.   Les mer...



16.03.2020
Ver kjeldekritisk!    
Det er viktig å vere kritisk når ein les om korona-viruset, og her finn du alt du treng å vite om korona-viruset.   Les mer...



13.03.2020
Sandnes skule vert stengt   
På grunn av spreiing av koronaviruset har skulane fått melding frå Masfjorden kommune om at me skal stenge skulen frå i dag 12. mars klokka 18.00 til og med torsdag 26. mars.   Les mer...



12.03.2020
Olè-olè, samba'n er løs!!   
Skulen rakk akkurat å gjennomføre karneval før me måtte stenge   Les mer...



09.03.2020
Skidag for elevane   
Før helga var ungdomsskuleelevane på Gamlesetra i Romarheimsdalen på skitrening og skileik.   Les mer...



27.02.2020
"Nyoppussa " klasserom   
Det var svært få barn på SFO i vinterferien. Det gav oss som var på jobb ei moglegheit til å gjere noko me elles ikkje har tid til. Extreme makeover - klasseromsutgåve.   Les mer...



20.02.2020
Salum Kashafali på besøk på Sandnes skule   
Det verste som kan skje er å vere funksjonsfrisk, men ikkje ha draumar. Torsdag var verdas raskaste mann på besøk på Sandnes skule for å fortelje historia si, og komme med gode råd til elevane.   Les mer...



31.01.2020
Tilsette på kurs    
Skulen hadde planleggingsdag 31. januar, og heile skulen var på samling på Knappskog skule på Sotra for å lære meir om digitale klasserom.   Les mer...



11.12.2019
Juleverkstad    
Tradisjon tru vart det også i år avvikla juleverkstad på Sandnes skule som ein av førjulsaktivitetane.    Les mer...



09.11.2019
3. og 4. klasse på LEGO-eventyr i Bergen   
3. og 4.-klassingane på skulen har i fleire veker jobba med eit prosjekt. Ikkje eit kva som helst prosjekt. Dei har nemleg forbetra nærmiljøet sitt ved hjelp av innovasjon og teknologi. Modellane er bygde i LEGO. 9. november bar det til Bergen og presenta   Les mer...



18.10.2019
Givarglede på Sandnes skule i samband med TV-aksjonen 2019   
Elevrådet på Sandnes skule skipa til fredagskafe i samband med tv-aksjonen 2019 "No er det hennar tur". Det vart samla inn 4997 kroner. Berre Masfjorden kommune gav meir med sine 10 000 kroner.   Les mer...



26.09.2019
Sandnes skule for til fjells    
1.-10.kl og tilsette tok turen til fjells denne flotte haustdagen.    Les mer...



20.08.2019
Sandnes skule med eiga heimeside!   
På dei nye sidene vil du finne all den informasjonen du ynskjer deg, i alle fall også kontaktinformasjon om du no ikkje finn nett det   Les mer...