Om skulen vår

Vår skule i Masfjorden!

Sandnes skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule. Skulen ligg nær kommunesenteret Masfjordnes i Masfjorden kommune, om lag sju mil nord for Bergen.

Elevane er busette over eit område på om lag tre mil, og dei fleste er avhengige av skuleskyss. Skulen er omgjeven av natur på alle kantar, og det nyttar vi oss av både i undervisninga og på fritida. Uteområdet er romsleg og stimulerer til aktivitet.

Sandnes skule er ein PALS-skule. PALS står for Positiv åtferd, støttande læringsmiljø og samhandling, og handlar om å byggje eit trygt og føreseieleg skulemiljø der elevane vert sett når dei gjer noko bra.

Sandnes skule
57elevar (skuleåret 2026/27)
1.-10.klasse under same tak
2team: småskule og mellom/ungdom
1964då den eldste delen vart bygd

Slik er skulen organisert

Skuleåret 2026/27 er elevane fordelte på seks klassar og to team.

Team S

1.-5. klasse

Klassane 1., 2./3. og 4./5.

Teamleiar: Linn-Elisabeth Birkeland Hjartholm

Team M/U

6.-10. klasse

Klassane 6./7., 8. og 9./10.

Teamleiar: Helen Andvik

Leiing

Rektor og inspektør

Rektor: Renée Kårtveit
Inspektør: Åsmund Kvinge

Sjå alle tilsette og roller

Bygget vårt

Den eldste delen av skulen vart bygd i 1964, og var fram til 1980 sentralskule for ungdomssteget i kommunen. Våren 2000 tok vi i bruk eit nybygg med gymnastikksal, musikkrom, bibliotek og kjøkken.

Nybygget er eitt av få i landet med naturleg ventilasjon, og er oppført etter miljøvennlege prinsipp når det gjeld materialval og overflatehandsaming.

Kvar elev har eigen pc til bruk i læringsarbeidet.

Leksehjelp

Leksehjelp etter skuletid

Leksehjelpa er open kl. 14:00-15:30:

Tysdag: 5.-7. klasse
Torsdag: 8.-10. klasse

Ansvarleg: Kjersti Andvik

Aktivitetar etter skuletid

Skulen sine lokale og uteområde vert òg nytta av fleire tilbod for barn og unge i kommunen.

SFO

Skulefritidsordninga er open alle dagar, med unntak av ei veke i året. Les meir om SFO

Masfjorden idrettsskule

Tilbod om allsidig idrett for elevar frå 2. klasse etter skuletid.

Masfjorden kulturskule

Kulturskuletilbod i skulen sine lokale.

Masfjorden sjakklubb

Sjakk for barn og unge i skulen sine lokale.