Sandnes skule

Vår skule i Masfjorden!

Sandnes skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule. Skulen ligg nær kommunesenteret Masfjordnes i Masfjorden kommune, om lag sju mil nord for Bergen.

Hausten 2019 er elevtalet 64, med 18 elevar på ungdomssteget og 46 elevar på barnesteget. Skulen har fem-delt barnesteg og to klassar på ungdomssteget. Elevane er busette over eit område på ca. tre mil, og dei fleste elevane er avhengige av skuleskyss.

Den eldste delen av skulen var bygd i 1964 og var fram til 1980 sentralskule for ungdomssteget i kommunen. Våren 2000 tok ein i bruk eit nybygg med gymnastikksal, musikkrom, bibliotek/datarom og kjøkken. No er datarommet lagt ned, og kvar elev har eigen pc til bruk i læringsarbeidet sitt. Dette bygget er eitt av få her i landet med naturleg ventilasjonssystem og er oppført etter miljøvennlege prinsipp når det gjeld materialval og overflatebehandling.

Skulen har tilbod om SFO som er ope alle dagar med unntak av ei veke i året.

Frå hausten 2019 er det tilbod om leksehjelp for elevar i 5.-10. klasse,
tysdagar og torsdagar frå kl. 14.00-15.30.

Sandnes skule sine lokale og uteområde vert og nytta av Masfjorden kulturskule, Masfjorden sjakklubb og Masfjorden idrettsskule, som har tilbod til elevar frå 2. klasse etter skuletid. Skulen sitt uteområde er romsleg og stimulerer til aktivitet. Skulen er også omgjeven av natur på alle kantar, som me kan gjere oss nytte av både i undervisning og på fritid.

Utviklingsarbeid
Sandnes skule har IKT som pedagogisk verktøy som sitt satsingsområde for skuleåret 2019/20. Me jobbar med å gjere oss klare til å ta i bruk ny læreplan for grunnskulen frå august 2020, og samarbeider med Høgskulen på Vestlandet for å kome godt ut av startgropa.