02.09.2020
Feiande flott fjelltur og fint fellesskap
Alle på Sandnes skule tok turen til fjells fredag 28.august. Veret var upåklageleg og stemninga likeså. For ein sprek og blid gjeng!

Dei yngste hadde pitstopp på Torsteinshytta, medan dei eldste gjekk vidare til Svartevatnet. Ei gruppe elevar og tilsette gjekk også vidare til Hellebergsåta, vidare til Hopsvardefjellet, ned i Hopsdalen og opp på Håvarden. Slike dagar er gode å ha med seg i ryggsekken vidare. Tusen takk for ein flott tur!

  

05.10.2020
HAUSTFERIE!
Det er godt med ein pust i bakken no.
Les mer...

 

27.09.2020
Busstreik!!
Det er no streik i busstrafikken som påverkar bussrutene i Masfjorden kommune, og dette inkluderer og skuleskyss.
Les mer...