27.09.2020
Busstreik!!
Det er no streik i busstrafikken som påverkar bussrutene i Masfjorden kommune, og dette inkluderer og skuleskyss.

Frå og med i morgon, måndag 28. september, er det ikkje tilbod om skuleskyss til og frå Sandnes skule. Skulen har ikkje høve til å organisere alternativ skyss til skulen, men de foreldre har sjølvsagt moglegheit til å samordne skyss og hjelpe kvarandre med det dersom de kan i høve til generelt smittevern.

Undervisninga ved Sandnes skule går som normalt. Dei elevane som ikkje kjem seg på skulen må melde frå til kontaktlæraren sin om det. Skulen vil legge til rette for skulearbeid heime for dei som er ikkje kjem seg til skulen. Dersom nokre elevar må halde seg heime, vil skulen kunne syte for at pc og anna naudsynt skulemateriell kjem heim. Det vert sjølvsagt ikkje ført fråvere dersom årsaka er busstreiken.

Me beklagar at det vert slik, og håper situasjonen ikkje varer for lenge.

Dersom de har spørsmål kring organisering av undervisning heime, ta kontakt med kontaktlærar. Har de spørsmål knytt til streiken, ta kontakt med underteikna.

Med helsing
Dorte Rømsing
Rektor Sandnes skule

15.06.2021
Tysk cafe
Improvisasjonskunst på høgt nivå!
Les mer...

 

19.05.2021
Kan Pepsi og Mentos brukast i skulefag?
Det er alltid gøy med forsøk i naturfag
Les mer...